Trykking

No er eg komt ganske langt med veska mi, alt som gjenstår no er å sy saman ruklet og stryke trykka mine. Vi trykker med ein ganske kul metode der vi bruker rammelim til å overføre trykket med. Då printer vi ut ønska motiv, klipper det til, smører på eit godt lag med rammelim og legg det oppå stoffet. Dette skal tørke eit døgn eller so før ein stryk over med strykejern. Denne teknikken gjer til at ein kan trykke omlag nett kva ein vil, so lenge ein kan printe det ut kan ein trykke det! Mitt motiv er eit fredfullt yin-yang motiv supplert med peacemerker.



Grunnen til dette trykket er mest personlege grunner, men i oppgåva står det at ein må ha referansar til 1700-talet.
på 1700-talet gjekk det ein trend gjennom Europa, folk skulle tilbake til naturen, folk skulle være rolege og avbalanserte. Det var i denne perioden at "vanlige folk" hørte om østens filosofi og begynte å klø seg i hauet på grunn av rare bodskap om fred, nestekjærleik og lykkelige sinn. fleirparten dreit jo sjølvklart i dette, men dei som ville hadde særs gode kår for å bli vaskeekte hippiar omlag 300 år før termen "hippie" var oppfunnen. Om eg hadde budd feks. i Frankrike på denne tida hadde eg nok omfavna denne trenden og levd i pakt med naturen og blitt overvelda av østens tankegang. I motivet mitt har eg jo brukt eit yin-yang symbol, eit av dei mest kjende symbola frå austen. Dette enkle symbolet betyr noko so simpelt som at det vonde har noko godt i seg, medan det gode vil alltid ha noko vondt i seg. Denne regelen er so sann so den kan bli so eg meinar at motivet vil vare for alltid og aldri gå av moten. For å gjer det litt meir personleg har eg vald å ikkje lage den tradisjonelle svarte og kvite enkle med reine linjer, eg har heller laga ein meir "blurry" litt røffare blå og oransje versjon. Blå og Oransje komplimenterar med kverandre og verker veldig profesjonelt design-messig i mine auger.

peace.













Produksjonstart

I dag har eg sett bunnen av brønnen og gått vekk frå ideen om å lage vest. dette på grunn av for høg vansklighetsgrad for mine snekker\mekaniker-hender. Den nye planen min er no å lage meg ei veske\bag, ikkje ei sånn femi håndveske. Veska eg lager er eg ikkje sikker på kva heiter, men har sett den gå under navna: Thai-veske og Monk-veske. Denne har brei skulderreim og reimene går i eitt med veska kan en sei, den ser veldig organisk og behagleg ut. I dag har eg designa veska i papir og jobba fram eit motiv eg er nøgd med. Dette tok ikkje so lang tid ettersom eg var supereffektiv. Neste gong skal eg begynne å klippe ut stoff, eg er litt usikker på om eg skal lage han fôra eller ikkje. motivet er landa på er veldig meg. Eit sjølvlaga trykk med utgangspunkt i ying yang symbolet og peacemerker som går att. sjå bilete.


Design teori



I dag har vi jobba mykje med designteori og lest eit heilt kapittel i Design og Arkitektur boka vår. Og heile veka har vi jobba med design og kva som er bra og dårlig. Eg har gjort meg opp nokre tankar rundt dette
Godt design for meg er når ein livsstil trenger igjennom eit produkt og produktet blir meir enn eit produkt. At produktet gir noko meir enn berre funksjonen sin, vekker ei kjensle i deg, får deg til å tenke på nye måtar. Eit godt design treng ingen forklaring, det skal tale til urmennesket i det. Det naturlige mennesket skal skjønne eit godt design ved å kaste eit blikk på det. Det skal være logisk, det skal være reint og gjerne enklast mogleg. Dette vil eg overføre til vesten min ved å ha enkle snitt, ein naturlig passform på vesten, god ergonomi. På trykka mine vil eg prøve å halde det enkelt med gode fargekombinasjonar og enkle lett gjenkjennelige motiv\mønster. Med dette i bakhovudet setter eg i gong med å designe min vest!


Over er bilete av min favoritt-designar Leonardo Da Vinci, eit fantastisk multitalent som designa fleirfoldige moderne maskiner.

Design start

I dag kom læraren vår å sa vi måtte lage oss en blogg!
javel, greitt faen tenkte eg, eg lage meg blogg og blogger om livets store spørsmål som koffor fiskeegg på hønseegg smaker kjempegodt(?) hovedgrunnen til at vi skulle lage blogg var at vi skulle oppdatere dag for dag med bilete og tekst i eit prosjekt vi har begynt på no der vi skal designe vårt eige klesplagg! eg valde å satse på vest. blishe noke fest uten vest. helst av skinn men vi får sjå kor mykje midlar skulen har lyst å legge i design-prosjektet mitt.

Velkommen til min blogg!

Dette er den første posten på min nye blogg ;)

Les mer i arkivet » Mai 2010 » April 2010 » Mars 2010
defoks

defoks

21, Naustdal

kul fyr

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits